oktober 29, 2009

Ein post om ingenting

Det er ikkje lett å skrive utan å ha noko å skrive om.  Men eg gjer eit forsøk.

Akkurat no høyrer eg på han godaste  Bob Dylan. Eg skal nemleg skrive særemne om denne karen, då! Og det er så kjekt! Eg kosar meg faktisk når eg jobbar med det. Og det hadde eg aldri trudd. Jess!

Dette er mannen:

 bob-dylan-young-2

Elles er livet bra. Eg er ingen flink, stressa, pliktoppfyllande elev, og eg stortrivst med det! Tek litt lett på slike ting då, kan du seie. Og det er vel og bra, i alle fall for ei stund. Reknar med eg snart må gå over til å vere flink, stressa og pliktoppfyllande. Jejejeje, slik er livet!

Dette var eit umåteleg mislykka forsøk på å skrive utan å ha noko å skrive om. Og det der var ei umåteleg teit setning. Heehehehe!  Jajaja. Vil du sjå eit umåteleg koseleg bilete?

IMG_2614

Denne posten var til deg, Sofie, sidan du spurde så vent.

september 9, 2009

Eg hermar etter Sofie

Det vel eg å gjere på den måten at eg lagar ein post som er veldig lik hennar siste. Eg håpar det er greitt, for eg har ikkje spurd vedkomande. Men eg satsar på at eg får lov. Om ikkje, gjer eg det uansett. For eg bryr meg ikkje om andre sine meiningar, kun mine eigne. NEIDA. Makan!!

Uansett.

Som fleire og fleire kanskje etter kvart har skjøna, og sikkert irritert seg grenselaust over (om du har det, treng du ikkje lese resten av posten, altså. Skjønar det godt. Unnskyld. Det skal aldri gjenta seg. Jauda, det skal det.), pratar eg umåteleg mykje om at eg er så himla reisesjuk. Og sidan haustferien er fleire veker unna og eg er ein vaksen, flink, fornuftig 3. klassing og liksom ikkje skal ha fråvær (..blablablablablabla..æsj.), kan ein stakkar ikkje anna gjere enn å glede seg over å kunne sjå attende på tidlegare reiser til det store utland. Ein kan forresten berre drite i alt og reise likevel, men som den vaksne, flinke, fornuftige 3. klassingen eg er, har eg kome fram til at det ikkje er det rette for meg. Søren.

 

100_0045 
Hyde Street – San Fransisco

101_0177
Ein heller grå dag i Rotterdam

IMG_2418
Noko eg trur er porten til godset frå “Monarch of the Glen”.
Uansett. Skottland.

Eg lovar at det skal vare lenge før eg skriv ein post om reising igjen.

Njaaada neeeida jaaauda.

august 27, 2009

HER VIL EG BYGGJA OG HER VIL EG BU. JA!

Etter vidaregåande vil eg flytte til Cornwall. JESS!

Og studere illustrasjon på University College Falmouth. JESS!

Det er ein bra plan. Jah?! Fy søren kor gira eg er!! Og fy søren kor eg gler meg!! Og fy søren kor skummelt!!

MIN KOMANDE  HEIM

cornwall&devon

 

cornwall&devon 2

 

cornwall&devon 3

JAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAA!!!

Dette var eit forferdeleg dårleg innlegg. Jaja, får ikkje hjelpe!

Tjohei!

august 16, 2009

Gode ting

Eg tenkte med meg at det kunne passe seg å blogge litt no. Så då gjer eg det.

Eg gidd ikkje skrive noko om sommaren min. Ikkje fordi den har vore dårleg! Langt ifrå. Har då hatt ein retteleg fin sommar. Men likevel gidd eg ikkje skrive noko om den. Kan no heller legge ut nokre bilete, kanskje? Veit ikkje, eg. Får no sjå. Heeh, jada du!

I dag er det sundag.

Denne helga har vore god. 

Fredag fekk eg kjekt besøk. Det besøket heitte Sofie, og var veldig koseleg. Pappa laga middag, me såg ein fransk film, og drakk litt kaffi og åt litt bollar. Kjekt!   
Seinare på kvelden fekk eg endå meir besøk. Då tok Stine seg ein tur. Ho hadde visst vore i Sverige, og hadde difor med seg snop til meg. Berre til meg. Takkogtakk! Me åt no litt, og såg ein film. Kjekt!

Laurdag gjorde eg mest ingenting før eg og pappa tok og køyrde til Folkestad for å hente mamma, som kom med buss frå Bergen. På vegen høyrde me god musikk og såg sjukt mange niser. Det krydde av dei, faktisk.
Om kvelden drog eg på besøk til Hanna. Ho hadde laga ein god pizza som me gnafsa i oss medan me såg film. Kjekt!

I dag er det sundag. I dag var eg på besøk hjå Ingvild. Me drakk te og fann billege flybillettar til utlandet. Kjekt!
Seinare kom Stine og henta meg, så køyrde me til Fiskå for å hente Sunniva. Deretter drog me heim til henne og åt kveldsmat og høyrde på god musikk. Kjekt!

I morgon veit eg ikkje kva eg skal gjere. Sikkert noko kjekt. Håpar det.

 

Liten narr   (Stein Versto)

Eg lettar på luva når du blundar
Eg dansar nokre steg når du ler
Eg ser ei sol stå opp når du smiler
og står ved di side når du ser

men stort sett er du blind heile tida
og eg lyt bruke øyro for deg
for lyder gjer du sjeldan og aldri
så hastig som du alltid er på veg

Du kallar deg ein vandrar i verda
Med fakter fer du fram og er stor
du lærde kanskje meir om du stansa
ved det som står stilt og endå gror

Eg gjer eit hol i vegen når du treng det
Det er eg som salvar dine arr
Eg har ei skreppe full av visdom
men er ein dum og bortgløymd liten narr

mai 24, 2009

Litt om livet mitt

Klokka er 12.29, og eg sit i den fine, nyoppussa stova vår og drikk ein kopp te og høyrer på It´s in the rain av Enya. Livet er godt.

No hadde det vel passa å seie litt om det eg har gjort på sidan sist eg skreiv, men det orkar eg ikkje. Dei fleste veit det nok uansett. Dessutan har det ikkje hendt så himla mykje. Men eg kjedar meg ikkje.

Eg er rastlaus. Eg vil reise! Eg vil flytte langt, langt vekk. Eg vil vere i land eg aldri har vore før og smake, sjå, høyre og oppleve ting eg aldri har smakt, sett, høyrt og opplevd før. Eg vil møte nye folk. Eg vil verte kjend med nye språk og lære meg å handtere nye myntar. Eg vil ha den følelsen ein har når ein går av flyet i eit nytt og spennande land og kjennar at det kriblar litt i magen av forventningar og forhåpningar til korleis opphaldet skal verte. Eg vil gå rundt små, trange gater i ein småby og stadig finne nye vegar og stadig kike inn i nye, små butikkar. Eg vil oppleve stresset, bilduren, luktene, menneska, bråket og atmosfæren i ein millionby. Eg trur eg vert sprø. Det er heilt sjukt, dette her.

No er klokka 12.57 og eg loggar meg av og legg i veg mot Blåhamrevatnet.

Eg ser deg nok ein dag.

april 19, 2009

Eit under

Me hadde venta lenge no. Mars hadde vort til april, og mai var ikkje så frykteleg langt unna. Alle grannane våre hadde fått lam. Berre ikkje me. Julie hadde vore tett ved å gråte ein liten skvett fleire gonger, ho som hadde gledd seg slik til at desse små skapningane skulle kome. Me hadde alle gledd oss. Kvar morgon gjekk Julie og pappa for å sjekke korleis det stod til. Eg kunne sjølvsagt ha gjort det, óg, men sidan eg ikkje hakkurat har flust av tid klokka 06.30 om morgonen, var det dei som tok seg av det. Nei, dette såg ikkje bra ut. Den yngste i familien vår hadde gitt opp alt håp. Ho gjekk og såg med lengsel på dei små krabatane som sprang rundt og leika seg ned i grannegarden. “Iselin, går det an at eg kjøper eitt?”

Så, ein dag. Fredag var det visst. Eg kom heim frå skule, stressa som aldri før, og tenkte på tentamen, vaskejobb, ferjetider og alt anna. Eg kom småspringande inn gangdøra, klar til å hive i meg litt middag før eg skulle av stad for å vaske. Det var då det hende. Julie kom roleg ut i frå badet og strålte opp då ho såg at her var det endå ein person ho kunne fortelje det til. “Veit du ka, Iselin? Me he fått lamb!”  Gleda var stor. At ein skal verte så glad av noko så enkelt. Det er verkeleg eit under.

 
Julie har forresten gebursdag i dag. 11 år, vert ho. Store tausa!
Til lukke med dagen!

101_0192
Hallo du!

mars 25, 2009

Fire ting eg gledar meg over. Og ein eg helst ikkje vil snakke om.

Ja, no er det vel på tide, hæ?!  Ja!

VÅREN er komen. Det er han sanneleg meg! Snøklokker, krokus, sol og snøsmelting på alle kantar. Og eg er så glad for dette! Og alle vert i slikt eit godt humør når det er finevêr! Øsete, rett og slett. Eg gler meg villt til sommaren. Men først skal eg glede meg hemningslaust over våren.

PÅSKEFERIEN nærmar seg. I år skal eg tilbringe ferien to stader. Først skal eg til Telemark (nærare bestemt Nissedal og Treungen) på besøk til diverse slekt. Det er kjekke folk, gitt. Etter eit par dagar der, stikk eg og pappa til Skottland. Der skal me vere i fire dagar, og berre køyre rundt og sjå ting. Det vert kjekt. Så flyg me til gamlelandet att, og er i Telemark i to dagar før me stikk heimatte, heile gjengen. Påskeferien er som regel ein kjekk ferie. Kanskje yndlingsferien…nei gurimalla, det er no sommarferien. Men han kjem iallefall før både vinterferien og haustferien, det er no sikkert!

BURSDAGAR er det mange av for tida. Pappa hadde i går, så gratulerer til han. Ein del folk i klassa mi og andre stader har óg no i desse tider. Eg skuldar nokre gåver. Orsak. Dei kjem!

JAKOB SANDE er eit namn som svirrar rundt i tankane mine om dagane. Litt fordi eg las “Vårteikn” her ein dag eg var i vårhumør, og litt fordi me syng “Hymne” i kortimane på skulen no. Den er no svært fin, då. Eg likar Jakob Sande veldig godt.

STIL er teit. “Skriv ei tekst om å finne seg sjølv”?!  Hallo?!

mars 16, 2009

JAAA!

EG VIL REISE!!!

FY SØREN KOR EG VIL REISE! 

UT I VERDA!

JAAAA!!!

-Dette skjer kvar gong det vert vår…

februar 28, 2009

No er det lenge sidan..

No er det lenge sidan sist eg skreiv på bloggen min.

Eg har no lagt bak meg ei musikalveke. Ei intens og forferdeleg kjekk musikalveke.
Og ei vinterferieveke. Ikkje fullt så intens, då.

Eg har hatt besøk av min kjære fetter Anders og mi kjære tante Eli frå Bergen, som kom for å sjå musikal. Sist laurdag gjekk eg, Håvard og Anders for å fiske, og sidan eg ikkje akkurat er ein storfiskar av meg, presterte eg å setje fast sluken i botnen to gongar. Ja, eg har altså så lite fiskelukke at eg veit ikkje mi arme råd.  Menmen. Eg er no flink til andre ting då! Jada.

Elles har eg i dag teke til på eit prosjekt som har lagt og surra i bakhovudet og plaga meg lenge. Men eg har liksom aldri vore i humør til å gjere det, sjølv om det er kjempe kjekt å drive med slikt. Ja, eg får vel kanskje seie kva det er då. Heh. Jau, eg har byrja på eit scrapbook-album frå USA- turen vår i fjor sommar. Så eg er ganske nøgd med meg sjølv no, for det vert ganske fint, ser det ut som. Det vil seie..eg var ganske nøgd med meg sjølv, heilt til eg fann ut at eg kom til å måtte bruke 2 album, då eg har forferdeleg mange bilete. Søren. Så eg får vel ta å kjøpe ein tjukkare album, og byrje på nytt.

I morgon tek skulen til att. Jaja.

januar 5, 2009

For jula varer heilt til påske! Neisss…

Hei og hei! No sit eg ved datamaskina att. Lenge sidan sist no.

Eg har hatt ei fantastisk bra jul. Julaftan var me heime, slik me alltid brukar å vere. Då har me det slik at når kyrkjeklokkene ringjer jula inn går me over tunet og opp til i stova til bestemor og bestefar. Når me kjem inn gangdøra slår ribbelukta i mot oss, og me går etter den herlege lukta, inn på kjøkenet, og inn i stova. Der er det varmt og godt (det er ALLTID varmt og godt hjå bestemor og bestefar.) og bordet er pådekka. Det tek nok ein halvtime-tre kvarter  før me kan setje oss til bordet, for der er alltid nokre (pappa og Håvard) som er litt seine. Men det gjer ingenting! For julaftan har ein god tid! Når me har ete oss gode og mette er det opprydning. Etter det er det ringing til Canada, så bestemor får snakke med sine slektningar der. Engelsk? Norsk? Same det vel. Gåveseremonien gjeng som alltid føre seg nede hjå oss. Me tek oss god tid, og ventar til ein har pakka opp, sett på gåva og snakka om den, før me går vidare til neste gåve. Av og til brukar ein litt lengre tid på nokre gåver, sidan det ikkje alltid er så lett å finne ut kva det er. Etterpå er det kaffi og julekaker, og utprøving av diverse gåver. Ja! Tusen hjarteleg takk for dei gode gåvene eg fekk!

I år var me i Bergen nyttårsaftan. Det var kjekt, du! Eg fann i år ut at fyrverkeri, det er kjedeleg, det. Komisk, eigentleg. Iallefall med slike som ikkje lettar frå bakken. Ein tenner på, det fresar og hyler og sprutar. Så er det svart. Ferdig. Jaja, det var den. Men ja, nyttårsaftan var kjekk!

Søren. No hadde eg vel eigentleg tenkt å ha nokre bilete her då.. Men sidan eg er på skulen, og bileta er på maskina heime, får det so vere.

Eg vil no uansett ynskje alle saman alt godt for det nye året! Ha det kjekt!